Alfred Ryningen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. januar 2015 kl. 01:09 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Alfred Ryningen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfred Ryningen
Født: 1950 (alder 75–76)

Alfred Ryningen (fødd 1950) er konservator på Setesdalsmuseet. Han vaks opp i Bykle og etter utdanning i historie arbeidde han i Valle kommune som bygdesogeskrivar. Han var og konsulent på skulekontoret i kommunen der han arbeidde med barnehagesaker.

På oppdrag for Agder Folkemusikkarkiv har Alfred Ryningen skrive ned 800 stev frå lydbandopptak like tilbake til 50-åra.

I tillegg til arbeidet som historikar er han taksidermist og stoppar ut dyr. Han er gift med Liv Bjørgum Ryningen og bur på Homme i Valle. Dei har barna Åsmund (fødd 1985) og Tone (fødd 1987).

Bibliografi

  • Valle kommune I Gards og ættesoge Hylestad (1985) ISBN 82-991334-0-8
  • Valle kommune II Gards og ættesoge Hylestad (1985) ISBN 82-991334-1-6
  • Valle kommune III Gards og ættesoge Valle (1987) ISBN
  • Valle kommune IV Gards og ættesoge Valle (1987) ISBN
  • Valle kommune V Gards og ættesoge Valle (1987) ISBN
  • Valle kommune VI Gards og ættesoge Valle (1987) ISBN
  • Valle kommune VII Kultursoge 1 (1994) ISBN (saman med Leonhard Jansen)
  • Valle kommune VIII Kultursoge 2 (1994) ISBN (saman med Leonhard Jansen)
  • Valle kommune IX Registerbind (1994) ISBN
  • Valle kommune X Utvandringi til Amerika (2000) ISBN

Kjelder

Eksterne lenker