Onsdagssending i Valle Radio 20111123
Valle Radio 23. november 2011 er eit oversyn over programmet i Valle Radio 23. november 2011. Denne dagen var det overført møte i Valle kommunestyre, og teknikar var Torhild Sandnes.
Program
- Frammøte kl. 16.00 for utdeling av og opplæring i ipad.
Etter møtet:
- Rådmannen v/fagansvarleg økonomi Wenche E. Gundersen orienterer om Handlingsplan og
økonomiplan 2012-2015 og årsbudsjett 2012
- Ekstraordinær generalforsamling i Brokke skianlegg AS
- val av nytt styre
- årsrekneskap 2010 fylgjer som vedlegg til informasjon
Til handsaming:
PS 83/11 Referatsaker
PS 84/11 Førespurnader
PS 85/11 Vurdering av overflytting til Vest-Agder
- Vedtak i formannskapet
Valle kommune viser til resultata av folkeavrøystinga om samanslåing av Aust-Agder og Vest-Agder fylke som syner eit fylke med stor indre splid. Situasjonen i dag er uhaldbar og ein bed Regjeringa om å setje i gang eit arbeid med tanke på samanslåing.
Dersom det ikkje vert nokon prosess mot fylkessamanslåing, vil Valle kommune sjå seg tent med overflytting til Vest-Agder og sender søknad om dette.
PS 86/11 Tertialrapport pr. 31.08.2011
- Vedtak i formannskapet
Tertialrapport pr. 31.08.2011 vert teken til orientering
PS 87/11 Saksframlegg: Klage på vedteken reguleringsplan
Reguleringsplan Myklevatn - del av gnr. 68 bnr. 1og 2
PS 88/11 Høyring - Heieplanen
Regional plan for bruk og vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei
- Vedtak i formannskapet
Valle kommune er stort sett nøgd med resultatet ein har kome fram til gjennom regional plan.
Kommunen ynskjer ei utvida arealgrense for stølsbuene på 50 m2. Gjennom revidering av kommuneplanen sin arealdel vert det innarbeidd løypeplan for området på Bjørnevatn.
Kommunen legg til grunn dei vedlagde retningsliner frå Fylkesmannen i Aust-Agder
Andre innspel til planen ligg i saksutgreiinga.
PS 89/11 Tilsynsrapport
Valle skule 2010/2011
- Rådmannen tilrår
Kommunen godkjenner tilsynsrapport frå Valle skule 2010/2011
PS 90/11 Tilsynsrapport
Hylestad skule 2010/2011
- Rådmannen tilrår
Kommunen godkjenner tilsynsrapporten for Hylestad skule 2010/2011
PS 91/11 Val av valnemnd for 2011-2015
PS 92/11 Suppleringsval
Til styre, råd og utval for perioden 2011 - 2015. Det skal veljast fylgjande:
- Representantskapet for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS
- Representantskap for Setesdalsmuseet IKS
- Styre for Setesdal folkehøgskule
- Styre for Brokke skianlegg AS