Trond Arne Rugland

Trond Arne Rugland (fødd 16. juni 1985 i Stavanger) bur på Hovden og er reinhalder på Hovden Skigymnas. Han er utdanna bakar, men hans store interesse er løping, og han vert trent av Bjarne Vad Nilsen. Mykje trening skjer på tredemølle og på ski og han tek sikte på å ha ei løpsmengde på 10 mil i veka. 9. oktober 2011 deltok han i München halvmaraton i Tyskland og vart nr. 2 av 3300 deltakarar med tida 1.07,20, 13 sekund bak vinnaren. I 2010 vann han Brokkedilten 2010 på tida 10.06. I NM i terrengløp i Trondheim hausten 2011 vart han nr. 8.
Personlege Rekordar:
- 800 m: 2.12,7 (2009)
- 1500 m: 4.04,42 (2011)
- 3000 m: 8.36,01 (2011)
- 5000 m: 14.39,89 (2009)
- 10000 m: 30.21,46 (2009)
- 5 km: 15.04 (2011)
- 10 km: 30.16 (2011)
- 15 km: 48.02 (2011)
- Halvmaraton:1.07,20 (2011)
- Maraton: 3.05,27 (2005)
Kjelder
- Ole Birger Lien: Rugland imponerte i München. Artikkel i Setesdølen nr. 81, 2011 side 16
- Rugland nr. 8 på terreng-NM. Artikkel i Setesdølen nr. 86, 2011 side 4