Hopp til innhald

Svenn Kvaale

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. oktober 2014 kl. 19:28 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (personmal)
Svenn Kvaale
Født: 4. mars 1927 (99 år)

Svenn Kvaale (fødd 4. mars 1927) er bonde på Kvåle i Bygland kommune, der han har drive mjølkeproduksjon, sauehald og skogsdrift. Han har vore samfunnsengasjert i heimbygda heile livet og vore med i kommunestyret i Bygland i mange periodar som representant for Senterpartiet. I perioden 1991 til 1995 var han varaordførar då Torbjørn Borgi frå Ap var ordførar. Han var leiar i skulestyret då den nye skulen på Byglandsfjord vart bygd. Han var og sterkt engasjert i Ose Kulturverkstad/ Ose Grendehus og Ose Turistheim.

Utanom politikken har han vore engasjert i Bygland mållag, Bondelaget og dei faglege organisasjonane i landbruket.

Kjelde