Tom Arild Homme
| Tom Arild Homme | ||
|---|---|---|
| Med laks i Tovdalselva | ||
| Født: | 11. juli 1977 (48 år) | |
Tom Arild Homme (fødd 11. juli 1977) er limnolog etter å ha studert biologi på NTNU. Han har eige firma og held til på Hornnes. Han er son til Helge Homme vaks opp i Valle. Tom Arild Homme gjekk ut av Hornnes vidaregåande skule i 1996. I 1997 starta han på biologiutdanning ved Norges Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet (NTNU) i Trondheim. Med bakgrunn i ei stor interesse for livet i ferskvatn frå han var barn, spesialiserte han seg innan ferskvassbiologi. Etter oppnådd cand.mag. i biologi i 2001 tok han til på cand.scient.-grad i ferskvassøkologi. Hovudoppgåva hadde tittelen Morfologi hos røye (Salvelinus alpinus (L.)) i allopatri og røye i sympatri med ørret (Salmo trutta L.) og gjekk ut på å undersøke om det var forskjellar i utsjånaden til røye som var samlevande med aure kontra røye i reine røyevatn.
I tillegg til at han har eige firma er han frå mai 2011 lektor i naturfag og matematikk i 70% stilling på skulen der han sjølv var elev.
Tom Arild Homme er prosjektleiar for krypsivprosjektet i Otra. Han tek på seg oppdrag som gjeld tenester innan fiske- og vassdragsforvaltning. Det kan vere fiskebiologiske undersøkingar, rådgjeving innan kalking, utsetting/ flytting av fisk, utfisking av overtette fiskebestandar, biotopjusterande tiltak eller utarbeiding av planar. Medan han budde i Valle, hadde han ei rekke slike oppgåver for VAFA, og då var han ofte i Valle Radio for å informere om aktivitetane.
Etter at han flytta til Hornnes, har han engasjert seg sterkt i Evje og Hornnes jeger og fiskeforening. Han er og ein ivrig laksefiskar og prøver seg etter laks både i Otra, Mandalselva og Tovdalselva, men fisketurar etter storauren i Setesdalsheiane har framleis høg prioritet.
Tom Arild Homme er gift med Heidi Kjetså. Dei har tre barn.