Gunnar D. Ose

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. april 2011 kl. 23:24 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Gunnar D. Ose)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunnar D. Ose (fødd 23. oktober 1949) var den siste rektoren på Bygland skogskule, der han var lærar i mange år før han vart rektor. Då skulen vart nedlagt, fekk han arbeid som leiar av oppfølgingstenesta i Aust-Agder. Han gav slektsgarden på Ose over til sonen Dreng Ose og flytte sjølv til Tvedestrand. Men han er framleis engasjert i det sosiale livet på Ose og bur i kårbustad når han er heime.

I ein periode var Gunnar D. Ose med i Bygland kommunestyre. I den tida var han og leiar av bygningsrådet og med i forhandlingsutvalet i kommunen. Han var og leiar i Bygland Bondelag.

Kjelde