Marton Laksesvela

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. november 2013 kl. 16:55 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Marton Laksesvela)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Marton Laksesvela (fødd 1963) er bonde på Heimigard Rysstad, som han forpaktar. Han kom til Setesdal i 1993 og vart verande. Som dugande felespelar har han vore aktiv i gruppa Knut Heddis Minne. Han og kona Anna L. Rysstad har 120 vinterfora sauer og satsar på å levere kortreist mat frå Setesdal Vesthei. Satsinga på salta, turka og røykt sauekjøt har vore svært vellukka, og auka etterspurnad har gjort at dei må spe på med innkjøpte lam gjennom faste avtalar med andre sauebønder på Rysstad. Slaktinga vert gjort hos Fatland i Ølen med garanti om å få tilbake eigne lam til vidare bearbeiding.

Før Marton Laksesvela kom til Setesdal hadde han arbeidd i mange år som reparatør i Norsk Scania i Stavanger. Han arbeidde også for Scania i Sverige. Han har og vore traktorseljar og dekkforhandlar. Han arbeidde på Setesdalsmuseet den første tida etter at han kom til Setesdal, og framleis tek han på seg arbeid utanfor garden når han vert spurd, sjølv om han helst vil utvikle garden. Draumen er å få sett opp ein ny driftsbygning med gardsbutikk.

Kjelde