Joker Bygland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. mai 2014 kl. 12:17 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Joker Bygland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Joker Bygland held til i Bygland sentrum mellom Sparebanken Sør Bygland, Bygland kommunehus og Bygland folkebibliotek. Ved sida av eit godt utval varer har butikken Post i butikk.

Anne-Lise Limann har drive butikken sidan desember 1985 då den starta som Bygland Matsenter. Sidan var den knytt til Nærmat, men i 1997 vart han Joker-butikk. Med seg i drifta har Anne-Lise Limann åtte personar som dekker fem årsverk.

8. mai 2014 opna butikken etter ei ansiktsløftning der det var lagt nytt flisgolv, vegger og tak var nymalte, interiøret var omorganisert og ljossettinga var ny.

Kjelde

Eksterne lenker