Bygdeborg
Utsjånad
Ei Bygdeborg er eit steinsett forsvarsverk frå forhistorisk tid, som oftast lagt på strategiske stader som var lette å forsvare og vanskelege å angripe.I dag finn ein dei ofte att som steinrøyser eller murrestar langs kanten av bratte knausar og åsar, og ofte på høgder som var naturleg forsvart av bratte skrenter, myrer eller tjern. Borgene var gjerne sikra med tørrsteinsmurar eller vollar av jord og stein på stader som kunne bli angripne. Mange hadde også to eller flere rader av murar og vollar.