Uleberg Maskin og Transport

Uleberg Maskin og Transport er eit maskinentreprenørfirma på Hovden i Bykle kommune. Firmaet vart oppretta i 1986 av Jon Uleberg, og skifta i 1991 namn til Uleberg Maskin og Transport AS. Bedrifta hadde i 2011 8-9 årsverk, mens ho i 2026 har 10 årsverk, og ellers god økonomi og ein grei maskinpark. Fimaet held på med det meste innan anlegg og transport, frå graving av små hyttetomter til heile bustadfelt. Om vinteren driv ein med snøbrøyting og vedlikehald av maskinparken, som inkluderer sju gravemaskinar, hjullastarar, lastebilar, traktorar, dumpar og borerigg.
Dagleg leiar i firmaet har vore Amund Nesland, medan det i 2026 er Morten Stubstad. Ingvild Hovden hadde i 2011 ei 50% stilling på kontoret, sidan 2014 hev Linne Røstad Sharpe denne stillinga.
Kjelder
- Annonse i Setesdølen nr. 37, 2011 side 13
- Heimesidene til Uleberg Maskin og Transport, 13. januar 2026.