Hopp til innhald

Aina C. Oksholen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. februar 2011 kl. 12:48 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Aina gav informasjon)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Aina Celestine Oksholen (født 2. september 1987) på Nordfjordeid. Ho vaks opp dels i Måløy og dels på Madagaskar. Ho gjekk på Kvitsund vidaregåande skule og fullførte vidaregåande skule på Måløy vidaregåande skule. Deretter var ho eitt år på Bildøy bibelskule ved Bergen før ho starta på sjukepleieskule i Kristiansand. Ho var ferdig på Universitetet i Kristiansand våren 2010. Då fekk ho jobb i Valle, der ho i august same året tok til på Valle bygdeheim.

Ho vart og med i Demensteamet i Setesdal og er kontakt for dette i Valle.

I fritida er ho med Lisbeth Hurti Homme i å drive Jentegjengen, ei jenteforening som held til på Vonheim i Valle.