Austad kraftverk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Austad kraftverk er eit småkraftverk i Kvernåna på Austad i Bygland. Kraftverket består av inntaksdam, røyrgate, kraftverksbygg og utlaup frå kraftverket. Utbygginga gir ein samla årleg produksjon på 4,8 Gwh eller straum til rundt 240 husstandar. Knut A. Austad, Arne Bjørgum og to andre grunneigarar står bak prosjektet.
Kjelder
- Kraftverk på Austad, stykke i Setesdølen nr. 49, 2020, side 12
- Artikkel på Setesdolen.no 9. september 2019