Ragnhild Robstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. september 2013 kl. 16:37 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ragnhild Robstad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragnhild Robstad (fødd 1946) er pensjonert lektor og rådgjevar frå Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Ho vaks opp på Abusland og gjekk dei seks første åra på skule der før skulen vart sentralisert til Moisund. Ho tok artium på Hornnes gymnas i 1967. I 1973 kom ho tilbake til landsgymnaset på Hornnes som kroppsøvingslærar. Då hadde ho arbeidd i Forsvaret medan ektemannen Odd Harald Robstad gjekk på lærarskulen på Hamar. Ho hadde også jobba eit år i shipping hos Mosvold i Kristiansand.

Ho har hovudfag i pedagogikk og grunnfag i idrett, økonomi og handelsfag. Ho har og mellomfag i idrettsbiologi og første avdeling juss og har studert både ved Universitetet i Oslo og ved Universitetet i Bergen. Frå 1. august 2013 vart ho pensjonist etter 40 år i skulen.

Kjelde