Steglefloti
Hopp til navigering
Hopp til søk
Steglefloti er ei slette i skogen på vestsida av fylkesvegen, sør på Sordal.
I folketradisjonen heiter det at Sigurd Eivindson Sordal blei avretta her. Bygdebokforfattar Reidar Vollen er ikkje avvisande til det.[1] Historikar Leonhard Jansen held det også for mykje truleg at avrettinga skjedde på Steglefloti. «Men det finst inga skriftleg, samtidig skildring av rettarstaden. Det er altså framleis usemje om nøyaktig kvar avrettinga gjekk føre seg», skriv Vilborg Stubseid Hovet.[2]
Referansar
Kart
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgeve av Bygland kommune, 2003, side 47
- ↑ Vilborg Stubseid Hovet, Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn, utgjeve av Setesdalsmuseet, 2024, side 205