Bygland Bryggeri

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. oktober 2024 kl. 15:20 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Orto)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygland Bryggeri
Bygland Bryggeri

Bygland Bryggeri vart etablert i 2017 av gründer og ølbryggjar Torkjel Austad, og er ei verksemd med forretningsadresse på Austad i Bygland. Produksjonen er i industribygget på Austad der også Ose Water held til. Dei bryggar fleire øl på tradisjonelt vis, med mellom anna kveik (gardsgjær) og einerkvistar.

Ølsortane frå bryggeriet har namn på setesdalsmål, og boksane er utstyrt med historier som forklarer både namnet og ølet. Dei typane dei har per 2024 er:

Daglegvare

  • Sveikadden (ungkaren), norsk gardsøl, 4,7
  • Setesdalspils, 4,7%
  • Jaktøl, rød lager, 4,7%
  • Byglandsfjorden Blonde, 4,7%
  • Augnestyngjen (augnestikkaren), IPA, 4,7%
  • Jolebassen (jolebukken), joleøl, 4,7 %.

Sterkøl

  • Skjoldmøyslaget, Dobbel IPA, 8,0 %
  • Lusekupta (setesdalskufta), brown ale, 6,0%
  • Langgofa (tipp oldefar), røykøl, 7,5%
  • Jolegama, joleøl, 10%.
  • For the Love of Kveik serien, norsk tradisjonsøl

Bryggeriet samarbeider med Spesialgrossisten om distribusjonen i Agder, Rogaland og Vestfold, med Tine til resten av landet.

Kjelder

Sjå også

Eksterne lenker