Tromyr
Tromyr er ein stad, eit lite myrområde, på vestsida av Riksveg 9 på Eikeland i Hægeland. Her tek Røynedalsvegen (Fylkesveg 3932) til frå Rv-9 og går vestover til Bringsvær leirskule. Den første køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand nordover mot Setesdal kom forbi Tromyr, og gjekk opp den bratte Tromyrkleiva.