Træletveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. oktober 2024 kl. 07:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet gardsbruk som eiger støylen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Træletveit er ein støyl under gardsbruket Gausi i Åraksbø i Bygland. Han ligg ovanfor Gausi, om lag to kilometer nord-aust for bygda.

Historie

Træletveit skal ha vore eigen gard langt tilbake i tid, truleg før Svartedauden. Etter Svartedauden blei han lagt øyde, og blei aldri teke opp som eigen gard igjen.

Fornminne

Under ei skogsdrift i eit hogstfelt på Træletveit hausten 2024 blei ein merksam på nokre gravhaugar. Fagfolk frå Agder fylkeskommune undersøkte området. Det blei registrert sju gravrøyser av ulik storleik. Gravfeltet er førebels utan namn, men har fått ID 317686 hos kulturminnemyndigheitene. Gravfeltet er automatisk freda.

Kjelder

Kart

Laster kart ...