Treungenbanen
Treungenbanen (opphaveleg Arendal–Åmlibanen) er jernbanestrekninga mellom Arendal i Aust-Agder og Treungen i Nissedal kommune i Telemark. Den nedre delen av banen er i drift som sidebane til Sørlandsbanen og blir i dag gjerne kalla Arendalsbanen. Treungenbanen vart forlenga frå Åmli til Treungen i 1913, og lagt ned i september 1967.