Tussehaug
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Tussehaug er ein stor gravhaug frå jernalderen på gardsbruket Urdi i Nedstoga i Åraksbø. Haugen ligg midt i jordet, mellom bygdevegen og Åraksfjorden. Han ligg inne i eit gravfelt med fleire haugar, men skil seg ut på storleiken. Tussehaug er målt til 27 meter i diameter, og med ei høgde på 3,5 meter.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 138