Torgeir Moseid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. februar 2022 kl. 23:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Breidablikk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgeir Moseid
Født: 5. april 1954 (72 år)

Torgeir Moseid (fødd 5. april 1954) er ein kokk og stuert som dreiv Breidablikk KroByglandsfjord ein periode. Han kjøpte anlegget for ein million kroner og rusta det opp. Etter kvart kom både lokale folk og turistar innom.

I tillegg til å vere kokk, var han bussjåfør i Setesdal Bilruter og kaptein på Bjoren. Han har også vore med i Bygland kommunestyre og leiar av oppvekst- og kulturstyret ein periode. I mange år var han 50% ufør, men etter ein ryggoperasjon i 1997 fekk han helsa tilbake.

Torgeir Moseid er også aktiv i Setesdal sogelag, der han mellom anna er redaktør for årsskriftet Setesdal og setesdølar frå 2019. Fra 2021 er han leiar i Foreninga Bygdebok for Byglandsfjord.

Kjelder