Hopp til innhald

Bernt Olav Jensen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. februar 2013 kl. 19:31 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (gravlagd)
Bernt Olav Jensen og konfirmantar i Austad kyrkje i 2002.
Foto: Reidar Tveito

Bernt Olav Jensen (fødd 2. mars 1952, død 30. januar 2013) var sokneprest i Bygland prestegjeld frå 1996. Han tok teologisk embetseksamen i 1989 og gjorde teneste som sokneprest i Ibestad frå 1990 til 1996. I 2009 fungerte han også som prost i Otredal prosti, og 19. juni 2009 vart han i statsråd utnemnd til prost i Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme med tenestestad i Vennesla. Han vart gravlagd frå Vennesla kirke onsdag 6. februar 2013 klokka 11

Bernt Olav Jensen hadde alltid vore interessert i landbruk, og han hadde agronomutdanning også. Etter den utdanninga arbeidde han på ein landbruksskole. Sidan studerte han for å bli kateket, og det var han og ei stund. Men så fann han ut at det kunne være greitt å ta resten av teologien og, og difor vart han prest i ein alder av rundt 35 år.

Kjelder og eksterne lenker