Hunsfoss kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. februar 2022 kl. 13:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hunsfoss kraftverk ligg i Otra, i Hunsfoss ved utlaupet av Venneslafjorden, i Vennesla. Kraftstasjonen nyttar eit fall på 13,5 meter i Hunsfossen. Agder Energi Vannkraft eig stasjonen.

Hunsfoss kraftstasjon leverer 144 GWh i året til Agder Energi. Det gjer stasjonen til den 17. største i selskapet.

Historie

Stasjonen blei første gong sett i drift i 1926. Men kraftproduksjonen ved Hunsfoss kom i gong alt i 1897. Det første kraftverket blei seinere utvida og modernisert. I 1964 vart det bygd eit nytt kraftverk i Otra sitt vestre laup forbi Hunsfoss. I 2008 blei det bygd ein heilt ny kraftstasjon i elva sitt austre laup.

Kjelder

Kart