Bygland Bryggeri

Bygland Bryggeri vart etablert i 2017 av gründer og ølbryggjar Torkjel Austad, og er ei lita verksemd med forretningsadresse på Austad i Bygland. Dei bryggar øl på tradisjonelt vis, med mellom anna kveik (gardsgjær) og einerkvistar.
Ølsortane frå bryggeriet har namn på setesdalsmål, og boksane er utstyrt med historier som forklarer både namnet og ølet. Dei typane dei har per mai 2019 er:
- Sveikadden (ungkaren), norsk gardsøl, 4,7 & og 8,0 %.
- Møykjeddingi (peparmøya), NEIPA, 6,5 %
- Ølgnassen (staut kar), handverkspils, 4,7%
- Gamlegofa (oldefar), vinterøl, 6,5 %.
- Jolebassen (jolebukken), joleøl, 4,7 %.
Bryggeriet distribuerer ølet sjølv i Agder, Rogaland og Oslo-området, og samarbeidar med Tine og Gulating om distribusjon til resten av landet.
Kjelder
Sjå også
- Setesdølen nr. 16, 2019
- Setesdølen nr. 4, 2019
- Setesdølen nr. 78, 2018
- Setesdølen nr. 77, 2018
- Setesdølen nr. 55, 2018
- Setesdølen nr. 48, 2018
- Setesdølen nr. 44, 2018
- Ole Birger Lien: Sveikadden landet rundt. Artikkel i Setesdølen nr. 43, 2018 side 3
- Setesdølen nr. 29, 2018
- Setesdølen nr. 18, 2018
- Setesdølen nr. 90, 2017