Salve Austenå
Salve Austenå (fødd 1927) er ein spelemann frå plassen Brekkone på Austenå i Tovdal i Åmli.
Salve har eit stort slåttereportoar. Han meiner sjølv at han speler slåttane slik han har lært, og han kan namnet på dei han har musikken etter. I spelet hans finn ein dermed røtene til tradisjonsmusikk i Åmli.[1]
Foreldra til Salve var Olav Austenå (f. 1891, d. 1969) og Ragnhild Austenå (f. Heggtveit 1898, d. 1953).
Litteratur
- Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli, utgjeve av Åmli Boknemnd, 2018
Referansar
- ↑ Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli, Åmli Boknemnd, 2018, side 13