Byglands grender dei er så fine

Byglands grender dei er så fine er ein sang av Gunnar Heistein.
- Byglands grender, dei er så fine
- dei hallar mjukt imot fjorden blid'e.
- Kor finn du venare stad på jord
- enn på gard og nes ved den lange fjord.
- Ved Byglandsfjorden er mange gardar
- frå Birkjeland og til Vassends hagar.
- Kven som er venast av dei å sjå,
- det kan eg slett ikkje svare på.
- Byglandsfjorden så langt seg strekkjer,
- frå Reiårsfossen til Senums bekkjer,
- med vene skogar og Drøymarnut
- og Heisteinsfossen i breie stup.
- Du gløymer aldri dei sæle stunder
- når båten la seg så stilt oppunder
- ved kyrkjeodden ein høgtidsdag
- når klokkor kalla til helg og lag.
- Når du er borte, så mange tankar
- og ljose minner frå Bygland vankar
- i hugen din, og ein lengt så stor
- vil deg drage heimatt til Byglands jord.
- Når ein gong tidi mi ut hev runni,
- ein plass blandt fedrane hev eg funni
- ved kyrkja heime ut på eit nes
- der så mange kjære søv føre meg.