Hopp til innhald

Dødsulukka ved Vassend jernbanebru 21. august 2012

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. august 2012 kl. 21:45 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Dødsulukka ved Vassend jernbanebru 21. august 2012)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Dødsulukka ved Vassend jernbanebru 21. august 2012 skjedde like etter klokka 15. Ei jente på 11 år og hennar to år eldre bror var ute i båt ved Vassend jernbanebru. Då båten gjekk under brua, slo jenta hovudet i brukaret. Sjølv om ambulanse, luftambulanse og redningshelikopter kom til staden, klarte ein ikkje å redde livet til jenta, som døydde i redningshelikopteret på veg til Oslo Universitetssykehus.

Om kvelden var det ope hus i Årdalshallen ved Byglandsfjord skule, der jenta gjekk i 6. klasse. Bygland kommune sitt kriseteam vart mobilisert i samband med ulukka.

Otteraaens Bugseierforening kan regulere vasstanden i Byglandsfjorden med inntil ein meter. På ulukkestidspunktet var denne 70 cm over det lågaste nivået.

Kjelde