Olav Galteland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mai 2015 kl. 23:16 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fdato)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Galteland
Født: 14. september 1944 (81 år)

Olav Sigvart Galteland (fødd 14. september 1944) var tannlege på Evje. Han dreiv som privatpraktiserande tannlege i 35 år og var før den tid tannlege i offentleg teneste både i Nord-Norge og Trøndelag. Han hadde tannklinikken sin i Sagatun-bygget på Evje. Frå 2012 samarbeidde med tannlege Carl Christian Glad, som driv Elvebredden tannlegesenter i Kristiansand, men som vil vere på Evje eit par dagar i veka.

Olav Galteland er frå 2009 nestleiar i Evje og Hornnes Høyre. Då han gjekk på Hornnes landsgymnas, var han aktiv fotballspelar i Otra IL og med på Otra ILs A-lag 1964 som vart kretsmeistrar i 5. divisjon. Han har og vore leiar i Otra IL (1999), og i friidrettsgruppa (1989-1990).

Kjelder