Lokalhistoriewiki.no

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. januar 2018 kl. 14:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lokalhistoriewiki.no)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lokalhistoriewiki.no er ein nettstad, ein fag- og forskningswiki som vert drive av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har rundt 1 million besøk i året. Alle kan ved å registrere seg som brukar bidra med å skrive nye artiklar om lokalhistoriske tema, redigere eksisterande artiklar eller laste opp bilete.

Artiklane bør ha lokalhistorisk relevans. Ein artikkel bør difor tilfredsstille det eine av eller begge desse hovudkriteria:

  • Artikkelen er knytta til lokalhistorien til eit bestemt område eller stad i Norge, frå landsdel til heilt lokalt nivå
  • Artikkelen er av direkte nytteverdi for folk som syslar med eller interesserer seg for lokalhistorie, anten artikkelen er knytt til ein bestemt stad eller ikkje

Heile gards- og ættesoga for Bykle, Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, er lagt ut på Lokalhistoriewiki.no. Einkvar kan såleis gå inn der og rette feil og manglar, legge inn bilete, eller utvide eksisterande artiklar.

Kjelder

Eksterne lenker