Åraksbø skule
Åraksbø skule i Bygland var i drift frå 1864 til 1966.
Det første skulebygget låg i «Dølan», på sørsida av Bryggevegen, på grunnen til garden Urdi. Det var eit lite bygg med fire rom; skulestoge, forstoge og to mindre rom. I 1901 blei skulehuset flytta til ny tomt, i krysset mellom bygdevegen og Bryggevegen. Her var det skule til 1926. Bygget blei seinare nytta av Åraksbø Ungdomslag til ungdomshus. Det blei rive i 1970-åra.
I 1924 blei det gjort vedtak om å bygge nytt skulebygg. Den nye skulen blei bygd ca. 50 meter nord for den gamle, og stod ferdig i 1926. Bygningsmann var Kjetil Gakkestad. Det er dette bygget som i dag er i bruk som Åraksbø grendehus.
I 1966 blei Åraksbø skule lagt ned. Elevane blei heretter skyssa til sentralskulen på Bygland.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 260-265