Hopp til innhald

Nidelv International

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. juli 2016 kl. 15:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Nidelv International sitt kontor på Verksmoen. I same bygget held også verksemda Indotre til.

Nidelv International er ein plastbåtprodusent med hovudkontor på Verksmoen i Evje og båtproduksjon i Kina. Etter ein samarbeidsavtale med Nilsen Båtbyggeri står dette firmaet for service- og vedlikehaldsarbeidet på Nidelv-båtar i Noreg, og også alt sal av nye Nidelv-båtar her i landet. Erik Risdal er styreleiar i selskapet, medan broren Trond Risdal er dagleg leiar. Største aksjonærar er Kaare Rannekleiv (16, 96 %) og Risdal Eiendom (15,46 %).

Historie

Nidelv starta med båtproduksjon i 1929. I 2010 blei merkenamnet og formene til Nidelv-båtane seld til Nidelv International ASA. Produksjonen av båtane vart deretter flytta til Kina, til byen Jiangyin i nærleiken av Shanghai. Båtane som leverast til Europa skulle framleis bli ferdigstilte i Noreg.

Kjelder

Eksterne lenker