Skrivarknuten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. oktober 2016 kl. 07:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Skrivarknuten Åseral)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skrivarknuten er eit fjell (984 moh.) nord i Åseral, nord-vest for Juvatn, mot grensa til Bygland. Frå gamal tid heitte fjellet visstnok Gluggvaren. Men så skal det ha fått nytt namn etter ein grensegang, der ein sorenskrivar reid opp til denne fjelltoppen og sette ned bytesteinen mellom gardane Ljosland i Åseral og Heggland i Bygland.

Segn

Eit segn om denne grensegangen fortel at Hegglandsmannen hadde lova sorenskrivaren ein gjev hest, dersom bytet blei satt der han ville ha det. På den måten kom bytet til å gå for langt både mot sør og vest.

Kjelder