Jordbærfestivalen på Evje 2012
Jordbærfestivalen på Evje 2012 vart arrangert på Evje laurdag 21. juli 2012. Jordbærgeneral Geir Magne Feed opplyste at dei hadde bestilt 100 kasser jordbær, om lag 600 kg. Dette var nok til å dekke porsjonssalet, men på grunn av mindre bær, rekna han ikkje med å ha kassesal av bær i 2012. Dette året kom bæra frå Tveit ved Kristiansand.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Må ut av dalen etter bær. Artikkel i Setesdølen nr. 55, 2012 side 12