Daleviki (Dalskilen, Dalebukta)
Utsjånad
Dalebukta er ei bukt (vik) på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Ei lang og samanhangande sandstrand i bukta er eit særmerke ved landskapet. Dalebukta og arealet innanfor er regulert til friområde, og er ein mykje brukt badeplass om sommaren.