Bernt Olav Jensen
Utsjånad

Bernt Olav Jensen (født 1952) var sokneprest i Bygland prestegjeld frå 1996. Han tok teologisk embetseksamen i 1989 og gjorde teneste som sokneprest i Ibestad frå 1990 til 1996. I 2009 fungerte han også som prost i Otredal prosti, og 19. juni 2009 vart han i statsråd utnemnd til prost i Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme med tenestestad i Vennesla.
Bernt Olav Jensen har alltid vore interessert i landbruk, og han har agronomutdanning også. Etter den utdanninga arbeidde han på ein landbruksskole. Sidan studerte han for å bli kateket, og det var han og ei stund. Men så fann han ut at det kunne være ok å ta resten av teologien og, og difor vart han prest i ein alder av rundt 35 år.