Ketil Homme
| Ketil Homme | ||
|---|---|---|
| Født: | 16. mai 1976 (49 år) | |

Ketil Hallvardsson Homme (fødd 16. mai 1976) eig og driv Esso-stasjonen i Valle, Valle Bensin AS, saman med Silje Brottveit, som er dagleg leiar, og Steinar Homme. Dei overtok drifta av stasjonen i februar 2011.
Ketil Homme er son av Hallvard og Lisbet Homme. Han levde sine fyrste ni år i Leite før familien flutte til Sygard Bø i 1985. I tidleg alder markerte han seg som eit særs stort fotballtalent og trena blant anna med Start. I 2005 kunne Ketil Homme saman med Indre Agder Futsal smykke seg med ein NM-tittel i innandørs fotball.
Han har etterkvart slått seg til ro i Valle, sambudd seg med Trine Brottveit (fødd 23. oktober 1987) og fått ein son ved namn Edvin, fødd 13. oktober 2010.