Karten fjellkyrkje
Utsjånad
Karten fjellkyrkje ligg i Vinje kommune mellom Hovden og Haukeligrend. For å kome dit, kan ein parkere ved Stokketjønn-skiltet på Riksveg 9. Sidevegen har bom, og det er ein kilometer å gå mot sør-aust frå parkeringsplassen.
I 1974 fekk speidarane i Edland KFUM eit bedehus i Grungedal av misjonslaget der. Huset var frå 1934 og det vart teke ned og flytt til Karten for å verte leirstad og fjellkyrkje. Etter fleire års dugnadsinnsats av bygdefolk og speidarar stod Karten fjellkyrkje ferdig i 1982. Arkitekt Gunnar Sandvik har teikna ombygginga/tilbygget.
Kart
<googlemap version="0.9" lat="59.667437" lon="7.529755" type="map" zoom="14"> 59.661466, 7.529893 </googlemap>
Kjelde
- Gudsteneste ved Karten fjellkyrkje. Artikkel i Setesdølen nr. 28, 2011 side 12