Setesdal Hotel

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. desember 2010 kl. 23:43 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (orto)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdal Hotel ligg mellom Byglandsfjorden og riksveg 9 i Bygland, eit par kilometer nord for Bygland sentrum. Bygningane vart sette opp i 1981, og arkitekturen er godt tilpassa lokal byggeskikk. I fleire periodar har komplekset vore utleigd og brukt som asylmottak. Eigarar er Ragnhild Engesland og Knut William Bygland.

Taka til hotellet er torvdekte, og svalgangar knytter romma saman. Komplekset har 22 dobbeltrom og 15 familierom med til saman 90 sengeplassar. Fleire av romma har høve til matlaging. Kaféen har sitjeplassar til 150, og selskaps- og møterom for 10 – 120 gjester. Like ved hotellet ligg ei badestrand på det kommunale friområdet «Gullsand».