Ole Magne Omdal
| Ole Magne Omdal | ||
|---|---|---|
| Født: | 16. mai 1956 (69 år) | |
Ole Magne Omdal (fødd 16. mai 1956) er rådgjevar hos Fylkesmannen i Vest-Agder og Aust-Agder, og busett i Kristiansand. Han er 1. kandidat på lista til Vest-Agder Senterparti til Stortingsvalet i 2017.
Ole Magne var i 16 år ordførar i Iveland kommune, eit verv han gjekk inn i etter valet i 1995. Han budde lenge på Frigstad, før han overlet garden til sonen og flytta med kona til Kristiansand. Før han vart ordførar, var han rådgjevar for næringssaker hos Fylkesmannen i Aust-Agder. Han hadde eit sterkt engasjement for næringssaker i heile sin periode som ordførar i Iveland. Viktig var også hans engasjement for å auke folketalet i kommunen, mellom anna med å få personar frå Nederland til å flytte til Iveland. Arbeidet med å legge til rette for at folk kunne få kjøpe større tomter når dei skulle bygge hus, var også ein suksess i kommunen i hans tid som ordførar.
Ole Magne Omdal var sterkt oppteken av at kommunen skulle få ein god utbyggingsavtale i samband med Agder Energi si utbygging av Iveland kraftverk. Då den avtalen var signert, sa han til Setesdølen: -Det er eitt av dei stoltaste øyeblikka eg har opplevd i mine snart 16 år som ordførar.[1]
Han tok ikkje attval ved kommunevalet 2011 og avslutta ordførarvervet etter 16 år. Deretter starta han i eit vikariat som rektor ved KVS Bygland, før han altså flytta til Kristiansand.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Ole Magne er igang, artikkel i Setesdølen nr. 20, 2017, side 6
Referansar
- ↑ Sigurd Haugsgjerd: -Kraftutbygging gir eit løft. Artikkel i Setesdølen nr. 68, 2010 fredag 13. august 2010