Olav Galteland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. oktober 2014 kl. 12:08 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Galteland
Født: 1944 (alder 81–82)

Olav Galteland (fødd 1944) er tannlege på Evje. Han har drive som privatpraktiserande tannlege i 35 år og var før den tid tannlege i offentleg teneste både i Nord-Norge og Trøndelag. Han har tannklinikken sin i Sagatun-bygget på Evje. Frå 2012 vil han samarbeide med tannlege Carl Christian Glad, som driv Elvebredden tannlegesenter i Kristiansand, men som vil vere på Evje eit par dagar i veka.

Olav Galteland er frå 2009 nestleiar i Evje og Hornnes Høyre. Då han gjekk på Hornnes landsgymnas, var han aktiv fotballspelar i Otra IL og med på Otra ILs A-lag 1964 som vart kretsmeistrar i 5. divisjon. Han har og vore leiar i Otra IL (1999), og i friidrettsgruppa (1989-1990).

Kjelder