Årekleppvatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. august 2014 kl. 16:38 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (utvida litt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein idyllisk augustkveld ved Årekleppvatnet. Foto: Geir Daasvatn

Årekleppvatnet er eit lite vatn oppe på Vatsendheia på austsida av Otra, på grensa mellom Bygland kommune og Evje og Hornnes kommune. Mest heile vatnet ligg i Bygland. Ut av vatnet renn Tveitåna, som kjem ned ved Tveit i Flatebygd i Evje. Det går skogsbilveg (Stafossvegen) fram til vatnet frå Tveit.

Vatnet er 0,1786 km² stort og ligg 558 meter over havet. Nedbørsfeltet er 2837 da. Det er 36,5 m på det djupaste, gjennomsnittleg er det 9,4 meter djupt. Vatnet er blitt helikopterkalka kvart år i perioden 1996 – 2004. Det vart og kalka indirekte ved tiltak i Øytjørin og med skjellsand i bekker. Frå 1996 til 2000 vart det kvart år sett ut ensomrige aurar frå Byglandsfjorden, til saman 2400 aurar fordelt med 950 dei to første åra, 400 i 1998 og 100 i 2000.

Eksterne lenker

Laster kart ...