Hopp til innhald

Naustebekk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. januar 2026 kl. 18:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)

Naustebekk er ein liten flaumbekk i Åraksbø i Bygland. Han har utspring i nokre myrar på Haugeåsen aust for Haugen og renn ned lia og ut i Åraksfjorden.

I turkeperiodar kan bekken bli heilt turr. Han hadde difor ikkje stor nok vassføring til å kunne nyttast til kvernbekk på den tida då bøndene mol mjølet sjølve.

Kjelder

Kart

Laster kart ...