Sagbakken gruve



Sagbakken gruve er ei gruve på Lauvland i Evje, rett ved Fylkesveg 292. Det har i hovudsak vore tatt ut stein til bygge- og anleggsverksemd i senere tid. I same området er det også spor etter gamal gruvedrift.
Gruven er også kjend som Saga eller Lauvland 03 Feldspar Quarry på Mindat.org.
Andersen (1931) rapporterte om uttak av 150 tonn av feltspat inntil 1927.
Ola Lauvland dreiv gruva til 2015, men var nøydt til å selge ho grunna for store driftskostnadar. Lauvland sorterte også feltspat fra Ligruva, ei mykje større gruve sør for Sagbakken gruve. Dei kassane som syner på biletet til høgre inneheld feltspat frå Ligruva.
Denne gruva blei kjend mellom geologar for sine flotte geologiske profilar, med særleg ein bandgneiss som viste eit særs vakkert mønster.
Kjelder
- Proff.no
- Ronald Werner, Evje Mineralsti - Landsverkgruvene, hefte utgjeve av Setesdalsmuseet, 2017, side 33
- Andersen, Olaf (1931): Feltspat II. Forekomster i fylkene Buskerud og Telemark, i flere herreder i Aust-Agder og i Hidra i Vest-Agder. Norges Geologiske Undersøkelser 128b p.1-109
- Sagbakken gruve på Mindat
Kart
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.