Hopp til innhald

Elma

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. oktober 2025 kl. 04:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Marte K. Meland (t.v.) og Elin Engesland i butikken 30. oktober 2019.
Butikken til Elma i Sentrumsbygget 2. oktober 2025.
Foto: Geir Daasvatn

Elma er ein kledebutikk i Sentrumsbygget i Evje sentrum. Frå opninga 1. november 2019 til månadsskiftet mars/april 2025 heldt dei til litt lenger nord i handlegata, rett nord for Intersport Evje.

Butikken fører klede for heile familien, og er særs aktive på sosiale medier og driv også nettbutikk. Det er (2025) to heiltidstilsette i verksemda, og fire ekstrahjelper.

Namnet er forkorting etter dei to opphavelege innehavarene Elin Engesland og Marte Klungeland Meland. Hausten 2022 gjekk Gunn Åsland inn på eigarsida saman med søstera Elin Engesland.

Kjelder