Abusdalen
Utsjånad
Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Abusdalen er eit lite dalføre på heia sør-vest i Evje og Hornnes. Det strekk seg frå Abusdal i nord-austleg retning forbi Fjordungvatnet mot Moland og Stålevatnet. Lengst nord i dalen, på austsida, ligg Abusdalsknuten. Frå sør fortset ein skogsbilveg (bomveg) frå Abusdal litt innover i dalen. I nord går det også skogsbilveg (bomveg), Stålevannsvegen, frå Fylkesveg 42 inn til Moland. Men eit stykke midt i dalen er veglaust.