Kløv
Utsjånad
Kløv er ei oppakning på ein hesterygg. Oppakninga er kløvd i to like delar, slik at det heng ein del på kvar side av hesteryggen.
Hest og kløv var den vanlegaste måten å frakte på i eldre tider. Då kunne ein gå mest kvar som helst. «Byvegen» for setesdølane før det kom køyreveg, Fjellmannsvegen (Dalevegen), var ein kløvveg.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 13
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 16