Kulturhistorisk museum
Kulturhistorisk museum er eit forskningsmuseum og har den største samlinga i Noreg av etnografiske og historiske gjenstandar, frå steinalderen og fram til nyare tid. Museet er ein del av Universitetet i Oslo. Karl Kallhovd frå Evje er assisterande museumsdirektør.
Museet har to museumsbygningar – Historisk museum i Oslo sentrum og det komande Vikingtidsmuseet på Bygdøy. I tillegg høyrer Museum for universitets- og vitenskapshistorie til museet.
26. oktober 2024 opna museet i samarbeid med Bygland kommune Vikingtidsutstillinga i Banklokalet i Sentrumsbygget på Bygland.