Prestvardheia
Utsjånad
Prestvardheia ligg nord-aust for Espelid i Åseral, ved det større Vorefjellet, nær kommunegrensa mot Bygland. Heia er det høgaste punktet på den gamle [Nordmannsvegen]] mellom Bygland og Åseral. Herfrå kan ein sjå heilt ned til Åknes kapell ved [Lognavatn]].
Heia har namn etter ein stor varde nær toppen. Segna seier at ein prest fraus ihjel her, på veg til [Åknes]] for å halde messe.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Tonje Kallhovd, Nordmannsvegen, stykke i Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes nr. 3, 2024, side 6