Eftevand
Eftevand (Eptevatn) er ein gard (gnr. 53) nord i Iveland. Vest for garden ligg Frikstad austre. Mot aust ligg Gjerustad. Fylkesveg 3766 går forbi garden.
Historie
Garden er kanskje rydda i vikingtida eller merovingartida. Truleg blei han lagt øyde under Svartedauden, og rydda oppatt kring år 1600.
Kjelder
Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, 1955, side 787–794