Hopp til innhald

Årdal Skytterlag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. november 2024 kl. 13:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert med nytt utstyr)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Årdal Skytterlag vart stifta 31. desember 1918. Laget nyttar Senum skytebane. Leiar frå mars 2023 er Tord Olav Løyland. Han tok over etter Sveinung Svenningsen, som då hadde vore leiar i mest ein generasjon, og styremedlem i mange år før det igjen. Andreas Hammervold Isaksen er ungdomskontakt.

Aktiviteten i laget er god. Snaut 100 storvilt-jaktprøver vert gjennomført på skytebanen på Moseid kvart år. Det er også miniatyrskyting i heile vinterhalvåret frå like etter skulestart om hausten til ut i mai neste år. Det er eit tilbod til unge skyttarar på miniatyrbanen i bomberommet på Byglandsfjord oppvekstsenter. I 2024 blei miniatyrbanen oppgradert med elektroniske skyteskiver. Laget kjøpte også inn nye børser; moderne, lette salongrifler.

Styre

Desse var med i styret i 2017:

Kjelder