Systog (Bykle gnr. 17 bnr. 2)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Systog er eit gardsbruk (gnr. 17 bnr. 2) på nordsida av Trydalstjønni i Trydal i Bykle. Systog er truleg den eldste verestaden i Trydal, og altså det gamle hovudbølet i den udela garden. Samla flatevidde er på rundt 6 000 mål.
På det gamle loftet som står i Systog er årstalet 1528 skrive inn. Loftet er utan tvil det eldste huset i Trydal. Etter tradisjonen skal det vere sett opp av dei same tømrarane som bygde Rygnestadloftet. I andre kjelder er det sagt at Rygnestadloftet truleg er bygd rundt 1590.
Heimelshavarar til Systog (2023) er Petra Marie G. Trydal og Sigmund Alfson Trydal.
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band V, Bykle kommune, 2006, side 168–191
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk